Mellom-/langdistanse for junior i BUL i sterk vekst

IL i BUL har dei siste par åra satsa sterkt på å bygge opp ei juniorgruppe innan mellom- og langdistanse. Denne satsinga begynner å gi avkastning og av årets resultat kan vi blant anna nemne Luca Thompson (18 år) med 1.51,67 og Tobias Grønstad (16 år) med 1.57,41 på 800 m.

Under ungdomsmeisterskapet (NM for ungdom) i Overhalla sprang Tobias saman med jamaldra Roderick Duodu 3000 m inn til høvesvis 8.51,77 og 8.52,03 som begge knuste den 39 år gamle klubbrekorden i 16 årsklassen for gutar. Tidene var også gode nok til sølv og bronse under UM. Under haustsesongen kan det også nemnast at Tobias blant anna har sprunge det klassiske Oslo-løpet Sognsvann Rundt Medsols (3,3 km) på tida 9.50 som var ny aldersrekord med 13 sekund. Dette vitnar om at hausttreninga har gått som ho skal.

Luca Thompson presterte svært godt under junior-NM som blei arrangert av BUL på Bislett 24.–26. august 2018. Her tok han gull i U20-klassen med tida 48,04 på 400 m og sølv på 800 m i to svært sterke felt.

 

Andre juniorutøvarar som har prestert godt på mellomdistanse for BUL i 2018 er Kristin Fagerli (18 år) og Camilla L. Colleuille (19 år) med høvesvis 2.21,86 og 2.18,85 på 800 m, Simen Seeberg-Rommetveit og Ole-Jørgen Knoph (begge 18 år) med høvesvis 4.11,99 og 4.12,72 på 1500 m. Søskenparet Buras har også sprunge for BUL i haustesongen med Ibrahim (17 år) på 4.13,74 på 1500 m og 9.02,54 på 3000 m og veslesøster Anisa (14 år) med sterke 2.18,71 på 800 m.

 

Ekstra gledeleg er det også at BUL har heile 17 utøvarar (gutar og jenter) som har sprunge 800 m i juniorklassene inneverande sesong. Dette tydar på god vekst og godt miljø.

 

BUL ønsker alle nye utøvarar som har lyst til å prøve seg på mellomdistanse velkomen på trening.

Ta i så fall kontakt med oss på idrottslaget@bul.no.