Foto: Eirik Førde

Mange BUL-utøvarar i aksjon på Bislett Games torsdag 7. juni!

Torsdag 7. juni er det nok ein gong tid for Oslo Bislett Games. IL i BUL har fleire spennande utøvarar til start, både i hovudprogrammet og i dei nasjonale øvingane som startar klokka 18. Desse utøvarane frå BUL kan du sjå i aksjon på Bislett på torsdag:

Hovudprogrammet:

Isabelle Pedersen, 100 meter hekk, klokka 20:58:
Isabelle har hatt ein svært god sesongstart, og kjem til Bislett med årsbeste på sterke 12,76 frå Diamond League-stemnet i Shanghai 12. mai. I dette løpet var ho berre to hundredelar unna den norske rekorden til Christina Vukicevic Demidov, og målet er sjølvsagt norsk rekord på Bislett. Ho får tøff konkurranse av tre frå USA, tre frå Europa og ei frå Jamaica. Favoritten i feltet er kviterussiske Alina Talay som er nest raskast i verda i år med sterke 12,41. Resten av feltet har årsbeste rett i nærleiken av Isabelle. Dette kjem til å bli spennande!

Lene Retzius, Stav, klokka 18:30:
Lene har vore Norges beste stavhoppar dei siste åra med blant anna NM-gull utandørs i 2014, 2015, 2016 og 2017.
Ho har hatt jamn utvikling gjennom mange år, og har i år verkeleg tatt eit byks mot noko stort! 30. mai persa ho likså godt med heile 15 centimeter til sterke 4,50. Med dette er ho 5 centimeter over EM-kravet og heile 10 cm over den tidlegare norgesrekorden til Cathrine Larsåsen på 4,40. På Bislett på torsdag møter Lene store delar av verdseliten til duell. Dette blir gøy!

Yngvild Elvemo, 800 meter, klokka 20:45:

Etter at ho mista store delar av fjorårssesongen på grunn av skadeutfordringar, er Yngvild skikkelig på gang igjen! 15. mai løp ho sterke 1.28.44 på 600 meter, berre 16 hundredelar unna Trine Mjålands norske bestenotering på distansen. Knappe to veker seinare, 26. mai, noterte ho 2:02:44 på 800 meter i Oordegem, Belgia. Dette er ein svært god sesongstart og norsk årsbeste på distansen. På Bislett møter Yngvild blant anna Strindheims Hedda Hynne og Sveriges yndling Lovisa Lindh i tillegg til ei rekke internasjonale toppløparar med Caster Semenya og Francine Niyonsaba i spissen. Dette kjem til å bli ein skikkeleg rysare!

Weldu Negash Gebretsadik, 10 000 meter, klokka 19:10:
Weldu blei norsk statsborgar i fjor og løp sterke 2:10:39 i Daegu Marathon 1. april i år. På Bislett møter han blant anna Sondre Nordstad Moen, Marius Vedvik, Per Svela og Eivind Øygard frå Norge i tillegg til mange sterke internasjonale deltakarar. Det vil bli sett høg fart frå start for at Sondre Nordstad Moen skal prøve seg på Are Nakkims norske rekord frå 1990 på sterke 27:32:52. Her gjeld det for Weldu å finne seg ein passande rygg og prestere jamne og raske rundar løpet gjennom. Vi kan alle glede oss til 25 spennande rundar på Bislett!

 

Forøvelsar:


Sigrid Jervell Våg, 800 meter, klokka 18:29:

Sigrid har gjort store steg dei siste sesongane, noko som blant anna har resultert i NM-gull både innandørs og utandørs på 1500 meter i 2017. I 2018 peikar pila framleis oppover. Ho blei nummer to i innandørs-NM på 1500-meter på sterke 4:20:41, ho blei norsk mester i NM terreng kort løype, ho har løpt 1:19-talet på halvmaraton, under 35 minutt på Asics Sentrumsløpet 10 KM, persa på 800 meter og sett utandørspers på 1500 meter. På torsdag får de sjå Sigrid springe 800 meter mot mange av Norges beste på distansen. Målet er nok å tukte den ferske persen på 2,10,11. Gjer ho det, vil det nok smake ekstra godt med ei tid under 2,10. Vi gler oss!

Stephan Skogheim Kyeremeh, 200 meter, klokka 18:40:
Etter ein fantastisk fjorårssesong som toppa seg med heile tre sølvmedaljar i EYOF, fekk Stephan trøttheitsbrot i ryggen i august i fjor. Han har etter dette gjort ein framragande rehabiliteringsjobb, og løp sin første konkurranse etter skaden fredag 1. juni på Bislett. Der klinte han likså godt til med resultatet 21,35, ny pers med 24 hundredelar og norsk aldersrekord for 17-årsklassen. På torsdag møter han store delar av norgeseliten til ein spennande duell på Bislett!

Luca Thompson, 400 meter, klokka 18:13:

Luca løp sin første 400-meter for sesongen i helga. Der noterte han seg for sterke 48,21, som er personleg rekord. Dette lovar svært bra for tida som kjem. På Bislett møter han eit sterkt norsk felt, med favoritten Mauritz Kåshagen i spissen. Kan vi sjå nok ein pers og kanskje også 47-tallet for Luca på torsdag? Dette kjem til å bli veldig spennande!

Riquelvis Santiago, 100 meter, klokka 17:58:
Riquelvis spring 100 meter i forøvelsane til Bislett Games. Han har årsbeste på 11,19, men håpar å betre denne tida ein god del på Bislett på torsdag. Lykke til!

4X200 meter miksstafett, klokka 18:57:
Som ein del av Tjalvelekene blir det sprunge 4X200 meter miksstafett for 13-14-åringar på Bislett Games på torsdag. IL i BUL stiller med to lag. Dette blir artig!

For fullstendig program: https://oslo.diamondleague.com/program-resultat-oslo/

Håpar vi sjåast på Bislett på torsdag!

Eirik Tanberg
Sportsleg leiar IL i BUL