Junior-NM på Bislett 24.–26. august 2018

IL i BUL er arrangør av årets Junior-NM i friidrett som går føre seg på Bislett stadion i slutten av august. Dette blir ei storstilt festhelg for utøvarar frå heile landet, klubben og alle frivillige som bidrar. Under finn du lenkjer til arrangementet si heimeside og Facebook-side, og også lenkje til påmelding.

 

Heimeside: http://www.jrnmfriidrett.no/

Facebook: «Junior NM Friidrett 2018» https://www.facebook.com/jrNM18/

Påmelding: https://mi.nif.no/Event#321864-011

 

For å få heile arrangementet i hamn er vi heilt avhengig av eit stort frivillig mannskap på Bislett. Det er mange ulike oppgåver fordelt på fem økter fredag, laurdag og søndag der det trengs frivillige.

Har du lyst til å vere med ein eller fleire dagar, og ennå ikkje har meldt deg som frivillig? Send ein e-post til idrottslaget@bul.no.

 

Håpar vi sjåast på Bislett!

Datoar
24. august 2018
26. august 2018