Eric Christopher Becklund imponerer i spyd

Eric Christopher Becklund (f. 2005) er ein av mange unge lovande utøvarar i BUL og Eric har spyd som si hovudøving. Han har i løpet av friidrettssesongen 2018 vunne alle sine konkurransar i spyd og blant anna kan vi nemne sigeren i Världsungdomssepelen (eit av Europas største friidrettsstemner for barn og ungdom) der han kasta 49.01 meter, og med det var like bak klubbrekorden på 49.95 meter. På Østlandets Lerøy-leker 8.–9. september på Hamar var han med på Oslo sitt kretslag og vann både spyd og kule i kamp med 8 andre kretsar.

IL i BUL ønskjer han lykke til med vidare satsing!