Barnetrenarane våre

 Magnus Kringstad

Magnus har NFIFs barnetrenarutdanning. Motivasjonen hans som trenar kjem av ønskje om at barn skal få oppleve friidrett på ein morosam måte. På treningane er det viktig å skape meistringsfølelse gjennom progresjon. Treningane skal vere allsidige, seriøse og morosame der kvart barn føler at de blir sett.

Sjølv begynte Magnus med friidrett fordi han likte å springe, og har seinare funne ut at friidrettsmiljøet har utruleg mykje anna spennande å tilby enn berre springing. Han har for det meste deltatt på distansane frå 100 til 400 meter.

 

 

 


Julie Gaustad

Julie har aktivitetsleiar 1-kurset til NFIF. Ho har vore trenar på BUL sin friidrettsskole sidan 2013 og vore barnetrenar med  økter kvar veke sidan hausten 2014. Motivasjonen hennar som trenar er ønskje om å auke interressa for friidrett hos barn. Julie håpar å kunne leggje til rette for meistringsfølelse hos barna gjennom lærerik leik og spesifikk friidrettstrening.

Julie begynte på friidrett fordi mora oppmuntra henne til det. Ho har vore innom flere øvingar, men no konkurrerer ho mest i tresteg og lengde.

 

 

 


Marthe Mjøen Berg

Marthe begynte som trenar i BUL i 2014. Ho ønskjer å vere trenar fordi ho er glad i friidrett og ønskjer at flest mogleg skal få oppleve friidrett på same måte som ho sjølv. Ho ser kor viktig det er at barn får eit godt forhold til å vere i aktivitet, trene saman og at det kan vere både morosamt, slitsamt og utfordrande samtidig. I øktene legg ho vekt på at friidrett er så mangfaldig slik at øktene kan vere veldig varierte. Samtidig skal barna lære strukturen som ligg bak det å trene jamnleg.

Marthe begynte med friidrett som 11-åring då veslebroren begynte med friidrett. Som 14-åring blei det meir seriøst med fleire treningar i veka. Etter å ha vore innom fleire sprintdistansar blei det 400 m hekk, dette er øviga ho framleis trenar seriøst mot.

 

 


Ida Steinstad

Ida har vore trenar i BUL i tre år og har kurset «Friidrett for barn». Ho finn glede i å sjå barn utvikle seg og ha det gøy på trening. Ida synest det er ein givande jobb og hugsar kor gøy hun sjølv følte det var å ha unge trenarar då ho begynte å trene. I øktene legg ho vekt på å kombinere lek og friidrett slik at blir morosame økter og at barna blir slitne.

Ida begynte med friidrett som 12-åring og er veldig glad i å springe. Ho har drive med 800 m, 1500 m, 400 m hekk og kappgang.

 

 

 


Per Skancke

Per begynte som trenar i BUL våren 2015. Han har ein bachelorgrad i Bevegelsesvitenskap frå NTNU og NFIFs trenar 1-kurs. No studerer han fysioterapi. Motivasjonen hans for å vere trenar er ønskje om å vere med og bidra til å skape idrettsglede, skape framgang og dele kunnskap.

Han starta med friidrett då han lenge hadde vore den raskeste på fotballaget. Han var 16 år og var ikkje like motivert for fotball lenger. Per har løpt 100 m, 200 m og 400 m.

 

 

 


Nikolai Borgen Knudsen

Nikolai har NFIFs aktivitetsleiarkurs for barn og planlegg å ta Trener 1-kurset denne hausten. Han har Ung Leder-utdanninga der unge lærer prosjektleiing innan friidrett. Han har vore trenar i BUL i 2 år. I tillegg var han prosjektleiar for for BULs friidrettsskole sommaren 2015. Han likar å vere trenar fordi det gir han moglegheit til lære barn å bli glad i friidrett og oppleve meistringsfølelse. Under øktene vektlegg han at alle barna skal opplev tryggheit og meistringsfølelse. Barna skal synest treningane er morosame samtidig som dei lærer grunnleggjande friidrett.

Nikolai begynte med friidrett då venner på fotballaget drog han med på friidrettstrening. Han har forsøkt dei fleste øvingane og er framleis aktiv.

 

 


Randi Kjerstad

Randi har Trener 1-kurs i friidrett og hun har vore trenar i BUL sidan 2012. Motivasjonen hennar for å vere trenar er å vise barn kor gøy friidrett kan vere. Ho legg stor vekt på allsidigheit i treninga. Utøvarane får prøve alle friidrettsøvingane, men får også velgje kva for øvingar dei vil trene mest på.

Randi begynte med friidrett som 11-åring då ho hadde sete og sett på eit friidrettsstemne og fekk lyst til å prøve. Ho har for det meste drive med sprint og var aktiv fram til ho var 25 år. Ho har også drive med fotball og handball.

 

 

 


Marina Heier

Marina har vore trenar i BUL sidan 2013. Trenarrolla motiverer henne når ho ser dei aktive forbetrar seg og lukkast med måla sine, små som store. Ho legg stor vekt på at treningane skal vere morosame og utfordrande.

Sjølv begynte Marina på friidrett fordi gymlæreran anbefalte henne det. Ho har konkurreret mest i sprintøvingane.

 

 

 


Svein Erik Strand Tønnesen

Svein Erik er trenar for dei som ønskjer å satse mot mellom- og langdistanse. Han har Trener 2-utdanning og har vore trenar i BUL sidan 2012. I tillegg til å vere engasjert i BUL har han bidratt i mellomdistanseprosjektet Helly Hansen, som har voer eit samarbeid med Oslo og Akershus friidrettskrets. Der har ungdom frå friidrettskretsen møttes til felles treningsøkter. Svein Erik synst det er spennande og utfordrande å utvikle unge utøvarar frå år til år.

 

Han sjølv kom inn i aktiv friidrett som 22-åring, og har sidan halde på med mellomdistanse.