Stav

BUL har dei beste stavhopparane i landet i klubben. Cathrine Larsåsen er norsk rekordhalder og vunne mange NM-gull i øvinga. Lene Retzius er også i BUL og innehar norsk junior-rekord med 4.17.

 

Trenar:

Anker Thomsen

Anker har vore friidrettstrenar sidan 1990 og i periodar norsk og dansk landslagstrenar i stav. Han har personleg trenarutdanning frå NIH og OLT-sertifisert trening av kjernemusklatur. Han har også kurs i kosthaldsvegleiing. Gjennom trenerverksemda si har han møtt og lært av idrettens viktigaste og mest anerkjente utøvarar og trenarar. Mellom dei er Yelena Isibayeva, trenaren hennar Vitaly Petrov og Mike Tully.

 

I tillegg til å ha trena fleire norske rekordhaldarar har han trena bl.a. den danske rekordhalderen Martin Voss. Han har også trena Tom Erik Voss, Per Magne Floorvaag og Benjamin Jensen.

 

Motivasjonen hans som trenar er gleda ved å oppnå noko ein har jobba lenge med. Spørsmålet han stiller seg ved alt han gjer på trening er: ¨Blir det fremgang av dette?¨

 

Han begynte sjølv med friidrett i 1974 da en venn drog han med. I starten var det høgde og lengde han var mest interresert i med persar på 1.95 og 6.66 meter. Det var først litt seinare det blei stav og den personlege rekorden hans er 5.00 m.