Sprint – Team Offerdal

Asle Offerdal har lenge vore ein av Noregs aller beste løparar på sprint/langsprint med mange medaljar frå NM og internasjonale meisterskap. Han har trent med Odd-Ivar Nyheim og denne gruppa er ei vidareføring av Nyheims treningsfilosofi. Her kan unge over 18 år vere med å trene og utvikle seg innafor sprint på høgt nivå. Gruppa har treningar på Bislett tysdagar og torsdagar. For meir oppdatert info, bli medlem av Facebookgruppa Team Offerdal.

 

Trenaren:

 

Asle Offerdal

Asle har ikkje formell trenarutdanning, men har vore i friidretten frå 14-årsalder. Han har vore hjelpetrenar i BUL i fem år inntil han hausten 2014 blei trenar for sprintgruppa Team Offerdal. Hovudmotivasjonen hans som trenar er ei genuin interesse for friidrett og spesielt sprint. Treningsøktene til Asle er allsidige med mykje drill og core-øvingar inkludert i hovudøktene.

 

Asle er framleis aktiv sjølv på 200 meter og 400 meter. Han har 4 norske rekordar i veteranklassen og 25 gull i Veteran-NM. Hans største meisterskapsprestasjon er EM-bronse på 400 meter i klassen M 45-49.