Sprint

Vi har fleire sprintgrupper i BUL, slik at alle har eit treningstilbod på det trenings- og satsningsnivået ein er på.

Klubben ønskjer å ta godt vare på seniorutøvarane. Sprintgruppa har fellestreninger 5 dagar per veke og har utøvarar i alderen 18/19 år og oppover. Her vil du få eit miljø som motiverer til å drive idrett på høgt nivå.

IL I BUL har mange gode junior- og seniorutøvarar i sprint. Jaysuma Saidy N’dure er med på einskilde økter. Det vert arrangert nokre samlingar i året, der vi tek opp aktuelle tema til dømes stafettsamling, mellom- eller langdistansesamling, mental trening og liknande.

 

Trenarane:

Odd-Ivar Nyheim

 

Marc Esser- Noethlicks

Marc har hovedfag i idrettsvitskap med fordjuping i friidrett frå Køln og doktorgrad i idrettsvitskap frå Norges idrettshøyskole. Han har vore trenar på alle aldersnivå sidan 1998 og har vore trenar på senior-nivå i BUL sidan 2013. Hans synest det er motiverande å finne fram til optimal progresjon med utgangspunktet til kvar enkelt utøvar. Einaste føresetnaden utøvaren må he er motivasjonen til å bli betre. I treningar legg Marc særleg vekt på teknikk og koordinasjon framfor spenst, styrke og uthaldstrening.

 

Som konkurranseutøvar dreiv Marc for det meste med sprint.