Romeriksleikane og IFAM outdoor

Romeriksleikane og IFAM outdoor

 

Isabelle Pedersen løp 100 meter hekk i Oordegem i Belgia i helga. Der noterte ho seg for tida 13,29. Tida er under EM-kravet, men framleis eit stykke unna OL-kravet. Isabelle rapporterer at kroppen er temmelig bra, men at ho treng nokre konkurransar for at det skal gå skikkeleg fort over hekkane. Vi gler oss!

 

Friidrettssesongen er i gang for fullt også her heime, og i helga hadde vi en flott bukett BUL-utøvarar på plass på Romeriksleikane på Lillestrøm.

 

Høgdepunkta stod i kø på Romerike. Her er nokre av dei:

 

Sprintgutane i 15- og 16-årsklassen viste seg virkeleg fram. Jonathan Holen vann 100 meter i gutar 15 på flotte 11,43. Rett bak følgde klubbkompis Stephan Skogheim Kyeremeh med 11,48. Pers på begge. I gutar 16 følgde Luca Thompson opp med 11,42 og Per Tinius Fremstad-Waldron med 11,52. Også her blei det pers på begge. Resultata heldt til høvesvis 2. og 3. plass i klassen. I gutar 18/19 noterte Johannes Enli Kalleberg sterke 11,13, og dermed ny pers. Etter å ha vore ute eitt heilt år med kyssesykje, lovar dette godt for fortsettinga!

 

På 200 meter vann Stephan føre Jonathan i gutar 15. Tidene blei 23,41 og 23,47. Dette er klare persar på begge. Like bak kom Philip Jason Omollo med 23,73. Tida hans er ny utandørspers og rett bak persen innandørs frå i vinter. I gutar 16 følgde Luca opp med sterke 23,38. Dette er klar utepers, og berre 5 hundredelar frå innandørspersen. På plassen bak følgde Per Tinius med 23,66, noko som er 7 hundredelar bak persen frå i fjor.

 

Det er elles gledeleg å sjå at Thaniya Panchalingam er tilbake etter skade og persar både på 100 og 200 meter.

 

I spyd jenter 17 vann Arianne Duarte Morais med eit kast på 50,41.

 

I seniorklassane var det også mykje bra å ta tak i:

 

Anniken Johansen vann 800 meter med 2,12,73. Dette er pers med halvsekundet, og lovar godt for sesongen vidare. Her løp også Sigrid Jervell Våg inn til flott ny pers på 2,14,14. Sigrid har tatt store steg denne våren, og persar i alt frå 800 meter og oppover.

 

På 3 000 meter var rollane bytte om. Her løp Sigrid 9,45,20, mens Anniken fekk 10,01,73. Dette er etter vår meining også pers på begge. Her følgde Lene Sandem med 10,15,77. Ho persa tidligare i veka til 10,09, og er dermed NM-klar.

 

I lengde vann Chiamaka Okparaebo med resultatet 5,65.

 

På 100 meter løp Nivethan Panchalingam på 10,92. Dette er berre to hunderedelar svakare enn persen frå Trondheim førre helg, og beviser nok ein gong at han har tatt steg denne vinteren.

 

I høgde hoppa Ivan Kristoffer Nilsen 2,05 i sin utendørsdebuten, og vann med det konkurransen.

Datoar
28. mai 2016
29. mai 2016