Oppsummering UM Sandnes 2016

Ungdomsmeisterskapen i friidrett 2016 i Sandnes gjekk av stabelen 2.-4. august, og IL i BUL enda opp med ein total medaljefangst på 5 gull og 6 bronse. Klubben hadde med 20 utøvarar. Her oppsummerer vi nokre av høgdepunkta.

 

I gutar 15 tok Stephan Skogheim Kyeremeh bronse både på 100 og 200 meter. Tidene blei høvesvis 11,27 i medvind 3,8, og 23,09. I same klasse løp Philip Jason Omollo og Jonathan Holen inn til 5. og 6. plass både på 100 og 200 meter. I gutar 17 løp Edem Agbo inn til bronse på 100 meter med sterke 11,07 i medvind 2,6. På den doble distansen blei Edem nummer seks. I gutar 18/19 løp Erik Lund inn til ein fin 8. plass på 100 meter. I same klasse blei Johannes Kalleberg nummer fem på den doble distansen. Tiden, 22,89, er ny pers for Johannes.  På jentesida fekk Rashida Akpana Assa 8. plass på 200 meter i jenter 16. Ingrid Østensen Noss (J15) persa seg til 12,85 på 100 meter og kom med til semifinalen på øvinga. På den doble distansen kvalifiserte ho seg også til semifinale.

 

Erik Lund sikra seg gull i gutar 18/19 i både lengde og tresteg. Resultata blei 6,76 og 15,10, der sistnemnde er meisterskapsrekord med heile 20 cm! I gutar 15 fikk Brage Hogstad bronse i tresteg (12,75) og lengde (6,06 + 2,1).

 

På 300 meter hekk vann Luca Thompson gull med resultatet 40,28. Camilla Lunde Colleuille (J17) løp inn til ein fin 6. plass på 400 meter med tida 60,87. På 400 meter i gutar 17 løp Vardnan Sivarajah inn til 7. plass med 53,79.

 

Arianne Duarte Morais vann både kule og spyd i jenter 17. Resultatene blei høvesvis 12,77 og 56,46 der sistnemnde er ny meisterskapsrekord.

 

Som siste øving kneip BUL bronse på 1 000 meter stafett i gutar 17-19 med tida 2,04,10. På laget løp Magnus Kringstad, Edem Agbo, Johannes Enli Kalleberg og Vardnan Sivarajah. Jentelaget i 15/16 blei nummer fem med tida 2,24,91. Laget bestod av Rashida Akpana Assa, Rebecca Henrichsen, Ingrid Østensen Noss og Rakel Åfløydal.

 

Av utøvarar som ikkje representerer BUL før 2017, nemnast Namsen Friidrettsforenings Bereket Gada Wayus bronse på 100 meter hekk(13,72) og 4. plass på 300 meter hekk. Romerike Friidretts Simen Seeberg-Rommetveit blei nummer fem på 800 meter i gutar 16 med tida 2,00,19.