NM-stafettar

Årets stafett-NM ble arrangert i Trondheim helga 21. og 22. mai. BUL var godt representert, spesielt på dei korte sprintstafettane. Her følgjer ei oppdatering frå Unni Helland:

 

Laurdag:

Opninga av årets stafettmeisterskap blei ikkje det vi håpa på i første start. Seniorlaget på 4 x 100 m gjekk på ein skikkeleg bom i ei veksling og var derfor ute av kvalifiseringa.

Neste ut var veteranane våre i klasse M40-49 på 4 x 400 m. Dei vann på tida 4.00.01, og var dermed suverent best av alle veteranklassane. Gull-laget besto av Anders Riiber, Ole Rydningen, Anders Stokvold og Asle Offerdal.

Deretter var det gutar 15-16 som stod for tur på 4 x 100 m. Her har alle laga noko å lære i vekslingsteknikk, heilt suverent. Det blei gull med ei fantastisk tid på 43.98! Klar ny norsk rekord i klassen. Den gamle var på 44.89, også sett av eit BUL-lag tilbake i 2011.

Årets lag bestod av Jonathan Holen, Stephan Skogheim Kyeremeh, Luca Thompson og Per Tinius Fremstad-Waldron.

 

Søndag:

Her starta vi med gull i ei ny øving for året, 4 x 800 m mix. Tida blei 8.24.34. Dette kan nok bli eit flott tilbod når det får gått seg til. Laget bestod av Helena Siltberg, Abdirahman Guleed, Anniken Johansen og Håvard Hildeskor.

4 x 100 m for jenter 15-16 var neste på tidsskjemaet. Dei var ikkje like gode som gutane til å veksle. Det blei nesten full stopp i ei veksling, men dei fekk med seg pinnen og fortsette vidare. Det gav ein 4. plass på tida 53.11, etter ein forrykande siste etappe av Rashida. Laget var Elise Østensen Noss, Ingrid Østensen Noss, Rebecca Henrichsen og Rashida Akpana Assa.

Menn junior ønskte seg ei medalje, det var målet før start. Her var det to lag som var favorittar, men vi håpa på god løping og bra vekslingar. Det blei ein bronse på tida 43.74. Med på laget var Magnus Kringstad, Luca Thompson, Erik Lund og Johannes Enli Kalleberg.

Datoar
21. mai 2016
22. mai 2016