Mellom-/langdistanse

Gruppa:

Gruppa består i hovudsak av lang- og mellomdistanseløparar i alderen 20-30 år. Ambisjonane varierer, men ønskje om utvikling er felles for alle. Hovudkravet som blir stilt ti utøvarane i denne gruppa er vilje til å gjere jobben som skal til og ønskje om å utvikle seg sjølv om dei løper i eit fellesskap.

 

Trenarane:


Frode Hansen

Frode er no i den andre perioden sin som trenar i BUL. Han er en tidligare mellomdistanseløpar med 1.48,71 som pers på 800 m. I 1983 sikra Frode seg ein bronsemedalje i NM på nettopp den distansen. Han har også 1.13 på halvmaraton. I sine aktive dagar representerte Frode Lørenskog, Gular og BUL, med fleire sigrar i Holmenkollstafetten for de to sistnemnde. Som aktiv var han i ein periode inne på både junior- og seniorlandslag.

 

Frode er utdanna fysioterapeut og driv eit fysikalsk institutt på Lørenskog. Det gir han mykje god kunnskap han tek med seg inn i trenargjerninga han gjer i BUL. Han legg stor vekt på skadeforebygging som ein viktig del av treninga. Han har lenge jobba med basistrening for symjarar før han kom tilbake til friidretten. Gjennom arbeidet sitt har han jobba mykje med testing av oksygenopptak og anaerob terskel.

 

Motivasjonen hans som trenar er at han synst det gøy å forsøke å omsetje teoretisk kunnskap til framgang samtidig som det skal være gøy. Bygging av gode treningsmiljø er grunnlaget for framgang.


Håvard Hasås

Håvard har Trener-1 kurset til NFIF og har vore trenar i BUL i to år. Han er ein miljøbyggjar og bidrar med mykje god stemning og ønskjer å bidra til å bygge ein god prestasjonskultur i klubben. Eit godt miljø er ein varig verdi i et idrettslag som kan overleve mykje lenger enn ein enkelt utøvar sin aktive periode. Med gode miljø held ein på med idrett lenger og presterer betre.

Håvard kom inn i friidretten ved at den eldre broren hans begynte med friidrett. Opplevinga av e-cupen på Fana Stadion i 1996 var også ei viktig motivasjonskjelde. I den aktive karrieren var han ein mellomdistanseløpar med fleire gull i aldersbestemte meisterskap.

Kontakt om gruppa:

Håvard – 414 44 227 – haavard.hasaas@gmail.com