BVT

BVT-gruppa har eksistert sidan 1981, og er ei aktivitetsgruppe for utviklingshemma. Gruppa har i dag ca. 25 medlemer, som trenar allidrett, fotball og symjing faste dagar i veka.

Gruppa har stort fokus på trivsel og glede, og det sosiale miljøet er ein svært viktig del av dei faste møta. Treningane med BVT gir eit glimrande utgangspunkt både til å halde seg i god fysisk form og få nye vener.

Gjennom året deltek gruppa på stemne rundt i heile landet, blant anna på den populære landsturneringa i handball og fotball. IL i BUL har i ei årrekkje vore arrangør av friidretstemne på Bislett og langrennsrenn for utviklingshemma. Dette er svært populære arrangement, der utøvarar frå heile Europa møtast. Her konkurrerar dei i vinteridrett (alpint og langrenn) og friidrett om sommaren.

Ved hjelp av stor dugnadinnsats på velkjende idrettsarrangement, får gruppa inn midlar som gjer at dei kan delta på arrangement, stemne og anna moro. Dugnadar kan til dømes bestå av å servere mat og drikke til takksame mosjonistar og toppidrettsfolk på Oslo Maraton, Sentrumsløpet og Bislett Games.

BVT ønskjer nye medlemer hjarteleg velkomen til morosam idrett, nye venskap og opplevelsesrike turar!

For meir info, kontakt styreleiar og trenar Dag Tidemandsen på telefon 994 05 593 eller Idrottslaget på telefon 23 21 41 68/69 eller e-post idrottslaget@bul.no

BVT-gruppa søker ny leder

Langrenn

Symjing

Handball

Fotball

Trenarane

Bislett Summer Games 2016