Høgde

Processed with VSCOcam with f2 preset

Trenaren:

Håkon Särnblom

Håkon har trenar A- og B-kurs frå 80-talet, men det han manglar av formell topptrenarkompetanse tek han igjen med enorm erfaring. Han var trenar for Hanne Haugland 1992-2000, der høgdepunktet blei VM-gull i 1997. Mellom 1997 og 2004 hjelpte han også i periodar inneverdsrekordhaldaren Kajsa Bergquist. Sidan 2013 har han vore trenar for BUL si satsningsgruppe for høgde, ei gruppe som har tatt medalje i alle norske meisterskap sidan 2009.

Motivasjonen hans som trenar er ein lidenskap for idretten og ønskje om å dele kunnskapen han har opparbeidd seg gjennom mange år. Han legg særleg vekt på god teknisk utføring av alle øvingar og dei styrkekvalitetane som må liggje til grunn for framgang. I tillegg er det viktig at det er eit godt miljø i gruppa og god kjemi slik at alle får det beste ut av kvarandre.

Sin eigen friidrettskarriere begynte ved eit tilfelle i 10-11-årsalderen og  han likte sprint, hopp og kule. Frå 16-årsalder var det høgde og lengde han konsentrerte seg om. Som senior var det høgde som blei øvinga. Han budde bl.a. fleire år i Gøteborg og var Patrick Sjøbergs nærmaste treningspartnar.

Håkon er tidenes nest beste norske høgdehoppar med ein pers på 2.34 og 4. plass i EM i 1994. Han har også deltatt i både OL og VM.