Historie

Klubben vår var 100 år i 2013 – den blei stifta 8. januar 1913. Ski og friidrett var hovudaktivitetane, og med skikongen Johan Grøttumsbråten blei BUL raskt sett på kartet. IL i BUL har sidan starten òg utmerka seg på friidrettsbanen. Allereie i 1930-åra byrja dei første kvinnene med friidrett i BUL.

Idrottslaget i BUL blei stifta i 1913, og har lange, gode tradisjonar innafor idrettsgrenar som langrenn, skihopp, orientering og friidrett. Gjennom tida har klubben hatt mange store namn, kor vi blant anna kan nemne Ingrid Kristiansen, Odd Martinsen og Johan Grøttumsbråten.I dag ønskjer IL i BUL å ha eit mangfaldig og spanande miljø som inkluderer så mange som mogeleg. Den største gruppa vår er friidrettsgruppa, med ca. 350 aktive utøvarar. Vi har òg trening for psykisk utviklingshemma, mosjonsgrupper for vaksne samt ei langrennsgruppe.

Målet vårt er å leggje til rette for gode treningsmiljø, noko som omfattar friidrettshall, eit samlande miljø med sosiale tilstellingar og arrangement, gode trenarar og talentutvikling. Klubben ønskjer å gje eit godt treningstilbod i alle øvingar i friidrett. På den måten kan vi ta vare på både det gode breiddetilbodet og topputøvarar i alle aldersklassar. Barnetreningane ønskjer vi å organisere som som idrettsskoler, slik at alle får moglegheit til å prøve ulike greiner og ein unngår for tidleg spesialisering.

Dei siste 30 åra har BUL kanskje vore den klubben i Noreg som har satsa mest på barn og unge. Unni Helland og den tidlegare langdistansestjerna Thor Helland har gjort ein fantastisk innsats her. Dei held framleis på som trenarar for dei unge lovande talenta våre. Vi er òg heldige som har blant anna Håkon Särnblom, Joanna Bryla, Odd Ivar Nyheim, Frode Hansen og Jan Dubowski som ein del av ein dyktig trenarstab.

Idrottslaget i BUL er ein del av Bondeungdomslaget i Oslo (BUL)