Ezinne Athletics

No har du sjansen til å trene saman med Ezinne Okparaebo. Du får gratis turar, treningar, treningsutstyr og vil oppleve samhald og idrettsglede.

Ezinne Athletics har som mål å få fleire ungdommar med minoritetsbakgrunn inn i friidretten, spesielt jenter. Desse kan på sikt utviklast til å bli toppidrettsutøvarar eller dei kan få glede av idretten på mosjonsnivå. Målet er å behalde flest mogeleg i idrettsmiljøet.

Om treninga

Treninga er delt inn i to grupper, den eine er på Granstangen skole, tysdagar kl. 18-19, og den andre ved Furusethallen, onsdagar kl. 17-18.

Ezinne og tre andre dyktige trenarar (alle jenter) vil trene deltakarane, først og fremst i løping, mosjon- og kondisjonstrening. Enkelte treningar og arrangement vil gå føre seg andre stader, for eksempel på Bislett Stadion.

Gratistreningar startar opp ca. 22. september. Påmelding til post@ezinneathletics.no; eller på skjemaet du finn her.

22. september møtast både foreldre og deltakarar kl. 17 på Granstangen skole.

Adresse: Granstangen 52, 1051 Oslo (sjå kart nedanfor)

På det første oppmøtet vil Ezinne fortelje om treninga og heile opplegget. Og der er det fint om så mange som mogeleg av foreldre kan møte, slik at alle får helsa på kvarandre og bli litt kjende med kvarandre. Mor til Ezinne, Juliet, vil også vere til stades og svare på eventuelle spørsmål. Så vil treningen starte kl. 18. Og då er vi i gang!

Vel møtt!

Stad
Granstangen skole
Granstangen 52
1051 Oslo
Gå til nettsida til Ezinne Atletics