BVT-gruppa søkjer ny leiar

IL i BUL søkjer ny leiar for klubbens treningsgruppe for personar med utviklingshemningar, BVT-gruppa. Leiaren for gruppa, Dag Tidemandsen, ynskjer å trappe ned innsatsen sin etter over 20 år som leiar.

BVT-gruppa trener i dag allidrett, handball og fotball. Dei er ei gruppe på rundt 30 utøvarar og fire trenarar. Leiaren for gruppa har administrativt ansvar, i tillegg til å organisere deltaking ved konkurransar, følgje opp og samarbeide med trenarar og vere kontaktledd mellom gruppa og BUL sitt styre. Utanom dette får leiaren mykje fridom til å vere med å vidareutvikle det tilbodet me har i dag, slik at me kan halde fram med å arrangere kjekk og god trening for BVT-gruppa. Me ser difor etter ein engasjert person som meiner at det er viktig å kunne tilby denne typen trening for ei slik gruppe og som ser på dette leiarvervet som ei spennande oppgåve.

Er du interessert, eller kjenner nokon som kunne passa til dette vervet? Ta kontakt med IL i BUL sin daglege leiar, Kristoffer Nilsen.

Kristoffer Nilsen kristoffer.nilsen@bul.no / idrottslaget@bul.no

Tlf.: 905 79 476

 

Meir om gruppa

BVT-gruppa har eksistert sidan 1981, og er ei aktivitetsgruppe for personar med utviklingshemningar. Gruppa har i dag ca. 25 medlemmer, som trenar allidrett, fotball og symjing faste dagar i veka.

Gruppa har sterkt fokus på trivsel og glede, og det sosiale miljøet er ein svært viktig del av dei faste møta. Treningane med BVT gir eit glimrande utgangspunkt både til å halde seg i god fysisk form og få nye vener.

Gjennom året deltek gruppa på stemne rundt i heile landet, mellom anna på den populære landsturneringa i handball og fotball. IL i BUL har i ei årrekkje vore arrangør av friidrettsstemne på Bislett og langrennsrenn for utviklingshemja. Dette er svært populære arrangement, der utøvarar frå heile Europa møtest. Her konkurrerer dei i vinteridrett (alpint og langrenn) og friidrett om sommaren.

Ved hjelp av stor dugnadinnsats på velkjende idrettsarrangement, får gruppa inn midlar som gjer at dei kan delta på arrangement, stemne og anna moro. Dugnadar kan til dømes bestå av å servere mat og drikke til takksame mosjonistar og toppidrettsfolk på Oslo Maraton, Asics Sentrumsløpet og Oslo Bislett Games.

http://idrottslaget.bul.no/kategori/bvt/