Ungdomsgruppa

Denne aldersgruppa har både generelle økter og spesifikke økter retta mot dei øvingane og distansane utøvarane er mest interresert i.

Her vil du finne info om om treninga og trenarane etter kvart.

Svein Erik Strand Tønnesen

Svein Erik er trenar for dei som ønskjer å satse mot mellom- og langdistanse. Han har trenar 2-utdanning og har vore trenar i BUL sidan 2012. I tillegg til å vere engasjert i BUL har han bidratt i mellomdistanseprosjektet Helly Hansen, som har vore eit samarbeid med Oslo og Akershus friidrettskrets. Der har ungdom frå friidrettskretsen møttes til felles treningsøkter. Svein Erik synest det er spennande og utfordrande å utvikle unge utøvarar frå år til år.

Han sjølv kom seint inn i aktiv friidrett som 22-åring og har sidan halde på med mellomdistanse.